Hopp til innhold
X
Innhald

Oddvar Olavsson Stegegjerde

Oddvar Stegegjerdet. (Foto utlånt av av Odd Atle Stegegjerdet)

Oddvar Stegegjerdet. (Foto utlånt av av Odd Atle Stegegjerdet)

Oddvar Olavsson Stegegjerde (1940-1984) frå Røneid. Bonde, spelemann og komponist. Overtok heimegarden Stegegjerdet i 1968.

Oddvar Stegegjerde var ein landskjend trekkspel-musikar som saman med spelemannsgruppa si heldt ei mengd konsertar i NRK radio og gav ut i alt seks eigne langspelplater med gamaldansmusikk, forutan at han medverka i ei rad andre plateinnspelingar.

Sjølv samla Stegegjerde lokale slåttar, og komponerte og arrangerte sjølv ei mengd melodiar for gamaldansorkester og korps. I Luster var han dirigent for fleire vaksne- og skulekorps.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2008