Hopp til innhold
X
Innhald

Olaf Ugulen

starta landhandel i Marifjøra i 1906.
Han overtok då huset der Peder Olson Eikum og seinare Jens Bugge Jensson Fraas hadde drive forretning frå 1866 og fram til 1890, då ei lokal handelsforening vart skipa og dreiv i dette bygget fram til eit lokalt meieri truleg leigde frå 1902 og fram til Ugulen overtok i 1906. Forretninga til Ugulen gjekk under namnet «Ugla-bui», og vart driven til slutten av 1950-talet. Huset har seinare vorte restaurert og brukt til lefsebakeri i nokre få år tidleg på 1990-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2007