Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Kjos-Wenjum

Han fekk i 1997 den kommunale kulturprisen saman med ektemaken Sigrid Kjos-Wenjum.

Olav Kjos-Wenjum fødd 1933, frå Hafslo. Idrettsleiar. Styremedlem i Sogn og Fjordane Fotballkrets 1979-1982, nestformann 1983-1987 og formann 1987-1991.

Han fekk i 1997 den kommunale kulturprisen saman med ektemaken Sigrid Kjos-Wenjum.

Han vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 2007, og i 2011 fekk han Nikken-prisen som Norges Fotballforbund gir til folk som har lagt ned ekstra mykje arbeid for sporten. Prisen vart delt ut i pausen på cupfinalen i 2011 av kulturminister Anniken Huitfeldt og fotballpresident Yngve Hallén.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.11.2011