Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Berge tek over konkurrent-hotellet

Turtagrø i vinterdrakt med Øiene-hotellet til høgre. Ukjend fotograf. Eigar: Astrid Drægni/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Turtagrø i vinterdrakt med Øiene-hotellet til høgre. Ukjend fotograf. Eigar: Astrid Drægni/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Øiene dreiv hotellet sitt til 1910, då han reiste til Amerika. Ole Berge tok då også over drifta av dette hotellet. Det er Øiene sitt hotell som framleis står oppe i bakken ovanfor det nye hotellet på Turtagrø, og går under nemninga «Annekset».

Hotellatmosfæren på Turtagrø var sterkt prega av at dette var eit senter for tindesport: Taukveilar, isøkser og anna spesialutstyr hang i hallen, og veggane vart prydde med bilete frå djerve klatreturar.

Ole J. Berge (til venstre) på ein topptur saman med Therese Berteau. Ukjend fotograf. Eigar: Astrid Drægni/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ole J. Berge (til venstre) på ein topptur saman med Therese Berteau. Ukjend fotograf. Eigar: Astrid Drægni/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det hende at Ole Berge måtte ut på trappa og blåse i posthornet og vifte med ei lykt, for å lose folk som hadde mørkna ute trygt ned frå fjellet. Same kva tid på døgnet fjellfolket vende heim til hotellet - om det var dagen eller mørkaste natt - fekk dei servert varm middag av vertskapet!

Rundt 1900 vart det populært blant dei som hadde tid og råd til det å klatre i fjell. Her er seks damer klare til fjelltur utanfor Turtagrø. Klatreutstyr som tau, øks og stav er med. Kor praktisk det var å klatre med skjørt kan ein berre tenkje seg. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Då Ola Berge døydde i 1928, overtok dottera Kari Berge (1883-1952) hotellet og dreiv det til ho døydde. Det var då utbygd til eit moderne hotell med 44 rom og 80 senger. I 1952 overtok systersonen Johannes Drægni (1928-2006) frå Fortun som hotelleigar.

Omkom i Thailand

Omkom i Thailand

Den siste på ættetreet var Ole Berge Drægni (1964–2004), som arbeidde som lektor i Sogndal og Bergen om vinteren og som turistvert på Turtagrø om sommaren. Han stod for bygging av nytt hotell etter brannen i 2001. Han omkom i den store flodbylgjekatastrofen (tsunamien) som råka strendene kring Det indiske hav 2. juledag 2004. Han ferierte då i Thailand.

Brakkeleir i nabolaget

Frå 1956 fekk hotellet eit spesielt «naboskap», då det det vart bygt ein brakkeleir for 700 anleggsarbeidarar i Fortun-anlegga. I den lange anleggsperioden var det lite fjellturistar som tok inn på Turtagrø, men dei kom tilbake då kraftutbyggingsperioden var omme.

Les meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 22.03.2011