Hopp til innhold
X
Innhald

Opprør mot legdordninga

I 1755 vart det fastsett nye reglar for fattigstellet i Bergens stift: Bygdene vart delte i såkalla legder som kvar skulle syte for livsopphald til eitt fatiglem.

Det var landskylda som avgjorde kor mykje kvar gard skulle yte i omsorg til folk som var «på legd», og til foreldrelause born. I tillegg skulle kvar bygd ha si fattigkasse.

Ville heller ha tiggarar

Både i Hafslo og Luster vart det nærmast gjort opprør mot den nye ordninga. På eit møte i Hafslo i 1764 møtte dei presten for å klage. Talsmenn for bøndene målbar det alle frammøtte var samde om: Dei ville ha tilbake det gamle systemet med at fattige gjekk på tiggarferd i gardane.

Bøter for oppvigleri

Presten klaga bøndene til futen som stemde dei for retten. Det enda med at førarane for bøndene vart ilagde bøter for oppvigleri, og lustringane måtte godta den nye legdordninga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.11.2008