Hopp til innhold
X
Innhald

Otto Hansen Rafn

Otto Hansen Rafn (1607-1652) frå Danmark, prest i Jostedal 1635-1652. Han vart stor jordeigar i dalen ved oppkjøp av gardar som tilhøyrde kongen.

Men han var vidgjeten for bråsinnet sitt: Presten Rafn hadde visstnok rømd frå Danmark fordi han hadde slege til ein person medan denne gjekk til altars. Det same hende framfor altaret i Jostedal kyrkje, men Rafn døydde før straffesaka kom til doms.

Det var ein av sønene hans, Hans Ottesen Rafn (d. 1698) som bygde Jostedal kyrkje i 1660. Også han var stor jordeigar i dalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008