Hopp til innhold
X
Innhald

Ove Nyland

Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Ove Nyland fødd 1964, frå Gaupne. Journalist og leiar for den offentlege internett-portalen noreg.no.

Eksamen frå Journalisthøgskulen 1989. Har arbeidd i Radio Luster og som journalist i avisa Sogn og Fjordane 1984-1989, Verdens Gang 1991, NRK P2 i 1993 og ved NRK Sogn og Fjordane 1993-1999, derav eitt år som redaksjonssjef.

Frå 1999 tilsett som prosjektleiar og redaktør for den nyskipa Internett-portalen noreg.no med kontor på Leikanger, og frå 2005 tilsett som direktør. noreg.no samlar all offentleg informasjon, og gjev oversyn over statlege og kommunale tenester i heile landet.

Nyland har vore leiar i Sogn og Fjordane Journalistlag og hatt leiarverv i idrettslaget «Bjørn».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.03.2011