Hopp til innhold
X
Innhald

Petra Malene (Malla) Mo

Petra Malene Mo (1863-1953) frå Hafslo. Gjekk til vanleg under namnet Malla Mo. Misjonær. Som ung kvinne reiste ho til Amerika. Der kom ho gjennom kyrkjesamfunnet til Dwight L. Moody i Chicago inn i misjonsarbeid.

I Chicago vart ho i 1892 verva som misjonær i Den Skandinaviske Alliansemisjonen og send til Sør-Afrika der ho arbeidde i over 60 år som misjonær i Swaziland. Ho dreiv misjonsstasjonen «Betel» i Swaziland med midlar som var samla inn i kristne trussamfunn i Amerika. Malla reiste sjølv fleire gonger til Amerika for å knyte kontakter med kyrkjesamfunna som støtta henne.

I sine eldre år gjennomførte ho store reiser i Swaziland og Tongaland med si eiga «misjonskjerre» som på folkemunne vart kalla «Gospelvogna». Statsleiaren i Swaziland omtala henne då ho døydde som «den fremste misjonæren i Afrika».

I 2011 vart det gitt ut ei bok om livet til Malla Mo: ”Størst av alt er kjærleiken” (Diktavia Forlag), skriven av Susanna Lomheim Solem.

I 2012 vart det reist ein minnestein på Hafslo til minne om Malla Mo.

Petra Malene Mo, også kalla Malla Mo, var så omtykt i Swaziland at ho kom med på frimerke. På 20 cent-merket til venstre sit ho lengst til høgre. I midten sit dronning Lomawa, og til venstre for henne Malena Svalheim. På frimerket til høgre står Malla Mo bak til venstre. Bak henne ser vi ”misjonskjerra” hennar. foto frå ”Kjelda”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 12.09.2012