Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Luster

Solvorn fekk det første postopneriet i Luster. Postkort frå 1915.

Solvorn fekk det første postopneriet i Luster. Postkort frå 1915.

Solvorn

fekk postopneri i 1841. Landhandlar Jacob Sjursen Valaker er registrert som den første poststyraren i 1846. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1995.

Luster

fekk postopneri alt i 1841. Kyrkjesongar Hetlesæter vart første styrar. På poststempelet stod det Lyster fram til 1918, då adressa vart endra til Luster. Kontoret vart underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977.

Lyster

– sjå Luster.

Marifjøra

fekk postopneri i 1864 med landhandlar Christian Brunchorst Nilsson Torp som første styrar. Fram til 1972 var postadressa Gaupne, men vart då endra til Marifjæren. I 1921 vart namnet fornorska til Marifjøra. I 1973 vart det omgjort til underpostkontor og i 1977 til postkontor C. Postopneriet vart lagt ned i 1993.

Skjolden

fekk postopneri i 1870 med handelsmann Thomas J. Drægni som første styrar. Postkontoret var underpostkontor i 1973 og fekk status som postkontor C i 1977.

Jostedal

fekk postopneri i 1871 med sokneprest Anton Hansen som første styrar. Heilt fram til 1930 var det vekselvis prestar, ein lærar og menn med underoffisersgrad som styrde kontoret. I 1891 vart namnet endra til Jostedalen, men gjekk tilbake til Jostedal i 1921. Postopneriet vart lagt ned i 1999.

Kroken

fekk postopneri i 1889 med dampskipsekspeditør og sersjant Tollef Forthun som første styrar. Det var underpostkontor i 1973, og lagt ned i 1976 og innordna under Skjolden.

Her hjå landhandlar Knut P. Lomheim kom det første postkontoret på Hafslo i 1894.

Her hjå landhandlar Knut P. Lomheim kom det første postkontoret på Hafslo i 1894.

Hafslo

hadde ei såkalla bipostrute frå postopneriet i Solvorn frå 1894. Hafslo fekk eige postopneri i 1984 med landhandlar Knut P. Lomheim som første styrar. Postkontoret vart underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1976.

Leirdal

fekk brevhus i 1896. Brevhuset vart lagt ned i 1944 og innordna under Gaupne.

Vigdal

fekk brevhus i 1896. I 1933 vart adressa endra til Viggdal. Det vart lagt ned i 1949 og innordna under Gaupne.

Viggdal

– sjå Vigdal.

I dette huset dreiv Sakris O. Næss landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv Sakris O. Næss landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Høyheimsvik

fekk postopneri i 1896 med gardbrukar og dampskipsekspeditør Ole Zakariassen Næs som første styrar. Fram til 1907 var adressa Høiheimsviken, og i 1907 vart den endra til Høyheimsviken. I 1921 vart namnet Høyheimsvik. I 1973 fekk kontoret status som underpostkontor og i 1977 postkontor C.

Høiheimsviken

– sjå Høyheimsvik.

Høyheimsviken

– sjå Høyheimsvik.

Postkontoret på Myklemyr i 1921. Poststyraren Anders O. Øvregaard står heilt til høgre. Foto: Samson Brathole. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Postkontoret på Myklemyr i 1921. Poststyraren Anders O. Øvregaard står heilt til høgre. Foto: Samson Brathole. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Myklemyr

fekk postopneri i 1898 med lærar Anders O. Øvregaard som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned og innordna under Jostedal i 1993.

Elvekrok

fekk brevhus i 1900, men vart lagt ned året etter.

Fåberg

fekk brevhus i 1900 med poststempel Faaberg i Jostedalen. I 1917 vart adressa endra til Fåberg i Jostedalen og i 1934 til Mjøllvørdal. I 1957 fekk brevhuset poststempel Fåbergdal. Det vart lagt ned i 1964 og innordna under Gjerde.

Mjøllvørdal

– sjå Fåberg.

Fåbergdal

– sjå Fåberg.

Veitastrond fekk postopneri i 1900. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veitastrond fekk postopneri i 1900. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veitastrond

fekk postopneri i 1900 med lærar Henrik Skogen som første styrar. Fram til 1939 stod det Veitestrand på poststempelet. I 1973 vart kontoret underpostkontor og i 1977 postkontor C. Det vart lagt ned i 1997.

Veitestrand

– sjå Veitastrond.

Dale i Luster med Harastølen høgt oppe i fjellsida. Luster Sanatorium hadde sitt eige postkontor. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Dale i Luster med Harastølen høgt oppe i fjellsida. Luster Sanatorium hadde sitt eige postkontor. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sørheim

fekk postopneri i 1900 med dampskipsekspeditør Ole Olsen Sørheim som første styrar. Adressa var Leri i Sogn fram til 1927 då ho vart endra til Sørheim. I 1973 vart det underpostkontor, og det vart lagt ned i 1976 og innordna under Skjolden.

Leri i Sogn

– sjå Sørheim.

Fortun

fekk brevhus i 1904 og postopneri i 1918 med gardbrukar Arne K. Fortun som første styrar. Det vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977, og vart lagt ned i 1998.

Lyster Sanatorium

på Harastølen fekk eige postopneri i 1905, tre år etter opninga av det store tuberkulosesjukehuset. Kontorassistent frk. Sigrid Paasche var første styrar. 1918 vart adressa endra til Luster Sanatorium. Postopnereiet vart lagt ned i 1958.

Luster Sanatorium

– sjå Lyster Sanatorium.

Ornes hadde postkontor fram til 1993. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ornes hadde postkontor fram til 1993. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ornes

fekk brevhus i 1906. Det vart postopneri i 1908 med dampskipsekspeditør Jens S. Bugge som første styrar. Fram til 1921 var adressa Urnes i Sogn. Då vart adressa endra til Ornes i Sogn, og i 1976 berre til Ornes. I 1973 vart det underpostkontor, i 1976 postkontor C, og det vart lagt ned i 1993.

Urnes i Sogn

– sjå Ornes.

Turtagrø

fekk brevhus i 1906. Brevhuset heldt til på Turtagrø Hotell og heldt ope i juli og august. Det vart postopneri 1908 med hotelleigar Ola Berge som første styrar. Postadressa var Turtegrø fram til 1921 då den vart endra til Turtagrø. Det vart på nytt sesongbrevhus i 1958. Brevhuset heldt ope i månadane juli og august fram til det vart lagt ned i 1983 og innordna under Fortun.

Turtegrø

– sjå Turtagrø.

Skogadalsbøen hadde brevhus til 1983. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skogadalsbøen hadde brevhus til 1983. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skogadalsbøen

fjellhytte fekk brevhus i 1909. Brevhuset var ope i turistsesongen frå 1. juli til 31. august og var i drift til 1983.

Gaupne

fekk postopneri i 1910 med Erik H. Prestegaard som første styrar. I 1964 vart namnet endra frå Gaupnefjord til Gaupne. I 1973 fekk kontoret status som underpostkontor, og i 1997 postkontor C. – Sjå også under Marifjøra.

Gaupnefjord

– sjå Gaupne.

Alsmo

fekk postopneri i 1913 med gardbrukar Jens Alfsmo som første styrar. Alsmo postopneri vart lagt ned i 1971 og innordna under Gaupne.

Kvam ved Veitastrondvatnet fekk brevhus i 1919. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvam ved Veitastrondvatnet fekk brevhus i 1919. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvam

fekk brevhus i 1929 med adresse Kvam i Veitestrand. Namnet vart seinare endra til Kvam i Hafslo. Brevhuset vart lagt ned i 1976 og innordna under Hafslo.

Kvam i Veitestrand

– sjå Kvam.

Kvam i Hafslo

– sjå Kvam.

Fannaråkhytta

fekk eit såkalla brevhus II i 1941. Brevhuset var ope i turistsesongen 25. juni-10. september, og posten til og frå vart utveksla på Turtagrø. Brevhuset på fjelltoppen vart lagt ned i 1983.

Gjerde

fekk postopneri i 1943 med telefonstyrar Kristen T. Bakken som første styrar. I 1973 fekk det status som underpostkontor, i 1977 postkontor C, og kontoret vart lagt ned og innordna under Jostedal i 1993.

Kinsedal

fekk brevhus i 1943 i samband med at tyskarane då satsa sterkt på utvinning av mineralet antorhositt i bygda. Brevhuset vart lagt ned i 1986 og innordna under Solvorn.

Sperle

fekk brevhus i 1944. Det vart lagt ned i 1971 og innordna under Myklemyr.

Lambhaug (øvst i biletet) hadde postopneri til 1971. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lambhaug (øvst i biletet) hadde postopneri til 1971. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lambhaug

fekk brevhus i 1930 og postopneri i 1947 med telefonstyrar Kristoffer Nitter Melheim som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1971 og innordna under Marifjøra.

Ugulsvik

fekk brevhus i 1948. Det vart lagt ned i 1976 og innordna under Hafslo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.03.2011