Hopp til innhold
X
Innhald

Potetdyrkinga i Luster

Misjonsgjerdet, der inntektene av potetdyrkinga gjekk til misjonssaka, ligg på garden Sviggum på høgdedraget i bakgrunnen (til høgre). Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Misjonsgjerdet, der inntektene av potetdyrkinga gjekk til misjonssaka, ligg på garden Sviggum på høgdedraget i bakgrunnen (til høgre). Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I 1765 sådde kaptein Gerhard Christofferson Munthe (1726–1785) poteter i Kroken. Dette var truleg første gong at potet vart dyrka i Sogn og Fjordane.

Gerhard Munthe hadde fått interesse for den nye planten under teneste i Holstein. Munthe, som andre dimitterte soldatar frå dei tyske krigane på 1700-talet, tok med seg kunnskap om potetplanten heim. Det første gjennomslaget for potetdyrking i Noreg kom i Sunnhordland kring 1740, så Munthe i Kroken var relativt tidleg ute.

Sjå også: Første norske poteta i Lærdal?

Gravid av å ete poteter?

Poteta kom til Europa frå Sør-Amerika kring 1550. Den første dyrkinga i Norden var i Uppsala 1658, men den vart då dyrka som prydplante og hagevekst. Alt over jorda på planten er nemleg giftig, og få ensa dei matrike rotknollane på den tida. Den første tida som næringsplante, vart poteta dyrka i senger som andre grønsaker. Før 1740 var den lite nytta som matplante – med unnatak av Nederland og Irland.

Potetåker til misjonen

Men skepsisen til poteta var stor: I Innvik i Nordfjord vert det fortalt at folk vart åtvara mot å ete poteter. Folk kunne bli spedalske, vart det sagt - og kvinnene kunne lett bli gravide av å ete poteter!

Potetåker til misjonen

På garden Sviggum på Indre Hafslo fanst det i eldre tider eit jordstykke som vart kalla Misjonsgjerdet. Om våren kom folk frå heile Jordanger-soknet for å setje poteter på Misjonsgjerdet. Potetene frå Misjonsgjerdet vart selde til inntekt for misjonsarbeidet, noko som var vanleg i fleire bygder kring 1900. Også Sogns Barneheim som misjonsfolket dreiv på Leikanger, fekk inntekter på denne måten.

- Les også artikkelen Misjonsåkrar og misjonslam” under Naustdal kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.03.2011