Hopp til innhold
X
Innhald

Privatskular i Luster

Mange av dei velståande overklassefolka som budde i Luster heldt seg i gamal tid med privatlærar for borna sine. Ein av dei som ein kort periode skal ha vore privatlærar på embetsgarden Flahamar, var diktaren Ludvig Holberg.

Den siste som vart undervist med privatlærar på Flahamar var Guro Gullaksdotter Flahamar fødd 1924. Også hjå det velståande handelsfolket på Døsen i Luster fekk ungane eigen privatlærar i mellomkrigstida heilt fram til 1936.

Handarbeidsskule

Kring 1870 dreiv sorenskrivar Gløersen ein handarbeidsskule for fattige born i Solvorn. Hafslo Sparebank ytte driftstilskot, medan kommunen for sin del nekta å gje tilskot til skulen. Lite er kjent elles kva denne skulen dreiv med. Nokre år seinare fekk Gløersen i gang ein likande jenteskule i Indre Hafslo.

Drægnis private mellomskule

I Skjolden starta den kjende konservespioneren Halvard Drægni privatskule for borna sine kring 1914. Drægni tilsette eiga guvernante som stod for undervisninga. Borna gjekk to år heime, og flytta så til Voss for å ta eksamen ved realskulen der.

Syskule i Marifjøra

I Mariføra var det ei tid ei kvinne som dreiv ein liten syskule. Ho kom visstnok frå Krundalen i Jostedal, men fleire opplysningar vantar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2011