Hopp til innhold
X
Innhald

Pyramiden - første handelssenter i fylket

Pyramiden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pyramiden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det første handelssenteret i Sogn og Fjordane vart bygt i Gaupne i 1985. Forretningar og servicekontor ligg rundt eit overbygt torg som har ein spiss takkontruksjon i glas. Difor vart senteret kalla «Pyramiden».

Dåverande plansjef i Luster kommune, Arne Myklebust, var ein viktig pådrivar for prosjektet. Bygget vart reist av eit ANS-selskap med investorar utanfrå og nokre eigarlutar for kommunen og lokale forretningsdrivande.

I første byggejesteg fekk 10 ulike butikkar plass i Pyramiden, der det også kom kafé, tannlegekontor, rekneskapskontor, frisør og transportkontor for Sogn Billag. Ved ei utviding i 1988 fekk Pyramiden eit samla areal på 6800 kvadratmeter. No kom det til fem nye butikkar, post og kontor for fleire statlege og kommunale etatar.

Pyramiden innvendig. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pyramiden innvendig. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kring 2000 flytta fleire av dei offentlege kontora ut, og i staden vart det skipa eit næringsfellesskap der m.a. heimflytte lustringar etablerte seg med ulike konsulent- og tenestekontor.

I 2005 inneheld Pyramiden 13 butikkar, kiosk, gatekjøken, postkontor, kafé, to frisørsalongar, fotpleieklinikk, solarium, bibliotek, drosjekontor, advokatkontor, tannlege, og to rekneskapskontor. Over 150 personar arbeider i bygget, og verksemdene omsette i 2004 for 64 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2011