Hopp til innhold
X
Innhald

Radio Luster

Radio Luster vart starta i 1985 etter opptak frå Luster kommune og private. Den heldt dei første åra til i Statkraft si messe i Gaupne, men flytta i 1992 over til nye lokale i handelssenteret Pyramiden.

Radio Luster dekkjer heile kommunen, og når også til Sogndal. Drifta vert finansiert med tilskot frå kommunen, bingo-spel og litt frivillig lyttarlisens.

Hovudsendaren ligg på det 1.100 meter høge fjellet Molden ved Mollandsmorki, og vert driven av eit dieselaggregat. Redaktørar har vore Ove Nyland, Erling Bjørnetun, Hjalmar Moseng, Harald Vatne, og i dei lengste periodane: Finn Roald Skare og Kjell Olav Ugulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2008