Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnar Vigdal

Ragnar Vigdal (1913-1991) frå Vigdal, busett i Gaupne. Bonde og lastebilsjåfør, motstandsmann under 2. verdskrig, slåttesamlar og folkesongar.

I mai 1945 losa han ei gruppe engelske soldatar frå Luster til kysten av Sunnfjord slik at dei berga seg tilbake til England. Dreiv garden i Vigdal til 1944, då han busette seg på Røneid. Arbeidde som smed og lastebilsjåfør, og starta i 1968 ein betongfabrikk på Røneid som han dreiv til sonen Klaus Vigdal tok over i 1973.

Landskjend folkesongar

Ragnar Vigdal vart ein landskjend folkesongar som m.a. meistra den gamle songteknikken med halvtonar. Han sanka sjølv folketonar frå bygdene i Luster og turnerte mykje som folkesongar. Vigdal gjorde ei mengd opptak for Folkemusikkhalvtimen i NRK, og gav også ut langspelplata «Tonereise til ei gamal samtid» i 1979, og har medverka i samle-cd'ar med folkemusikk frå Sogn og Fjordane i 1995 og 1996.

Pris og symposium

Ragnar Vigdal fekk den første Fylkeskulturprisen som vart delt ut i Sogn og Fjordane i 1980. Sogn og Fjordane Folkemusikklag har seinare arrangert «Ragnar Vigdal-symposium» i Jostedal med deltakarar frå heile Sør-Noreg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2011