Hopp til innhold
X
Innhald

Reiselivsverksemder i Luster

Familien Nitter Walaker ynskjer velkomen til Walaker Hotell i Solvorn. I 2012 er det niande generasjonen i denne familien som driv hotellet. Foto: Walaker Hotell.

Familien Nitter Walaker ynskjer velkomen til Walaker Hotell i Solvorn. I 2012 er det niande generasjonen i denne familien som driv hotellet. Foto: Walaker Hotell.

Omtalane er ordna etter startår:
Luster er ein stor reiselivskommune der vi finn overnattingsbedrifter med ei lang historie.

På denne sida er det først og fremst overnattingsstader og kaféar som er omtala. For fleire reiselivsverksemder, sjå:

Walaker Hotell

Walaker Hotell i Solvorn har røter tilbake til den gamle gjestgjevargarden og skysstasjonen frå 1600-talet.

Tørvis Fjord Hotel

Tørvis Fjord Hotel i Marifjøra frå 1875 har opphavet sitt i det gamle gjestgiveriet frå 1600-talet.

Tørvis Bre-, Ski- og Fjordhotell

- sjå Tørvis Fjord Hotel.

MountaniFjord AS

- sjå Tørvis Fjord Hotel.

Kronen Turiststasjon i Krundalen, truleg i 1905. Mannen til venstre er truleg eigaren Thøgre Kronen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kronen Turiststasjon i Krundalen, truleg i 1905. Mannen til venstre er truleg eigaren Thøgre Kronen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kronen Turiststasjon

Thøger Kronen bygde på 1880-talet Kronen Turiststasjon i Krundalen - ein bygning på to fulle etasjar. Det vart også kalla «Kronen Kvarter». Les meir i artikkelen Dei første bre-hotella.

Kronen Kvarter

- sjå Kronen Turiststasjon.

Christian Brunckost

frå Bergen starta midt på 1800-talet landhandel og gjestgiveri i Marifjøra. Han vart også den første postopnaren frå 1864 til 1871, då sonen Nils Torp tok over. Sjå elles: Handel og gjestgiveri i Marifjøra.

Forthun Turiststasjon

Forthun Turiststasjon vart bygt i 1882 av ekteparet Susanna og Ole Nilsson Øiene.

På Turtagrø vart det bygt to hotell i 1888. Til høgre ser vi det eine, Øiene-hotellet, som i 1910 vart anneks til nabohotellet. Turtagrø Hotell vart totalskadd av brann i 2001, og eit nytt vart reist i 2002. I påska er Turtagrø eit fint utgangspunkt for skiturar i fjellet. Foto: Arild Nybø, NRK.

På Turtagrø vart det bygt to hotell i 1888. Til høgre ser vi det eine, Øiene-hotellet, som i 1910 vart anneks til nabohotellet. Turtagrø Hotell vart totalskadd av brann i 2001, og eit nytt vart reist i 2002. I påska er Turtagrø eit fint utgangspunkt for skiturar i fjellet. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fjellklatrarhotella på Turtagrø

Heilt sidan Thomas Heftye sette seg i spissen og fekk skipa Den Norske Turistforening i 1868, har Turtagrø vore ein av dei viktigaste innfallportane til fjellvandring og tindesport i Jotunheimen. I 1888 vart det bygt to hotell på Turtagrø.

Turtagrø Hotell

- sjå: Fjellklatrarhotella på Turtagrø.

Øiene-hotellet på Turtagrø

- sjå: Fjellklatrarhotella på Turtagrø.

Skogadalsbøen fjellhytte. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skogadalsbøen fjellhytte. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skogadalsbøen fjellhytte

vart bygd av Den Norske Turistforening i 1888.

Tungestølen Turisthytte

på Tungestølen på Veitastrond vart opna i 1910.

Tungestølen Turisthytte. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tungestølen Turisthytte. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sofia Drægni

starta ein liten kafé i Skjolden kring 1910. I 1956 vart det utvida til ungdomsherberge.

Norske Ungdomsherberger

i Skjolden - sjå Sofia Drægni.

Eikums Hotel var namnet då dette biletet vart teke. Slik såg hotellet ut dei første åra. Ukjend fotograf.

Eikums Hotel var namnet då dette biletet vart teke. Slik såg hotellet ut dei første åra. Ukjend fotograf.

Eikum Hotell

på Ytre Hafslo vart starta i 1912 av Brita og Per Eikum.

Skjolden Hotel

vart opna i 1912 - sjå Handel og gjestgiveri i Skjolden.

Skjolden Hotell. Foto: Arild Nybø, NRK.

Skjolden Hotell. Foto: Arild Nybø, NRK.

Jostedalsbredens Hotel

Jostedalsbredens Hotel på Elvekrok i Jostedalen vart bygt i 1921.

Jostedalsbredens Turiststasjon

- sjå Jostedalsbredens Hotel.

Fanaråkhytta

ligg på toppen av den 2068 meter høge fjelltoppen Fanaråken og er den høgstliggjande turisthytta i landet

Hafslo Gjestehus, tidlegare Hillestad Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo Gjestehus, tidlegare Hillestad Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hillestad Hotell og landhandel

vart starta i 1929 då Olav Ugulen tok over bygningane på den gamle skysstasjonen på Hillestad nordaust for Hafslovatnet.

Hafslo Gjestehus

- sjå Hillestad Hotell og landhandel.

Langahuset

Jens Johannesson Sviggum og ektemaken Berta kjøpte i 1929 ein eigedom i Marifjøra og starta noko seinare kaffistove og overnatting. Huset vart kalla «Langahuset», og hadde tidlegare høyrt til hotelleigedomen Tørvis. Ei tid var det også brødutsal i huset. Brita Sviggum dreiv «Langahuset» til 1955. Huset vart rive i 1978 då riksvegen vart utvida.

Nes Camping

på Nes vart starta alt på 1930-talet av Anton Lingjerde.

Solstad Kaffistova

Vart starta i Høyheimsvik kring 1938 av Edin H. Næss. I 1956 fekk den lokale kaféverten storfint besøk av dronning Juliana av Nederland og dronningmora Wilhelmina.

Fortuna Kafé og pensjonat. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fortuna Kafé og pensjonat. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fortuna Kafé og pensjonat

i Fortun vart starta av Elen Mørkrid i 1947.

Solvang Kafé og Pensjonat

starta på Gjerde i Jostedalen i 1951.

Jostedal Hotell

- sjå Solvang Kafé og Pensjonat.

Solstrand Pensjonat

Solstrand Pensjonat på Kjempeneset i Luster vart starta i 1951 av Marius Martinussen.

Solstrand Fjordhytter AS

- sjå Solstrand Pensjonat.

Nigardsbreen Gjesteheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nigardsbreen Gjesteheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nigardbreen Gjesteheim

i Jostedalen vart starta i 1954 av Anna Kreken.

Viki Fjordcamping

i Høyheimsvik vart starta i 1962 av Odd Næss.

Sandvik Camping

i Gaupne vart starta i 1964 av Arne H. Sandvik.

Pluscamp Sandvik

- sjå Sandvik Camping.

Vassbakken Kro og Camping

ved Fortunselvi aust for Skjolden vart starta i 1970.

Hafslotun Kro og Hyttesenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslotun Kro og Hyttesenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslotun Kro og Hyttesenter

vart bygd i 1974 av Hans Bjørge Fardal.

Nigardsbréen Camping og Hytter

i Jostedalen vart starta på 1980-talet av Gudmund Nigard. Campingplassen har 10 hytter og oppstillingsplass til kring 30 bubilar og campingvogner.

Luster Fjordhytter. Foto: Arild Nybø, NRK.

Luster Fjordhytter. Foto: Arild Nybø, NRK.

Luster Fjordhytter

starta i 1987 - sjå: Næss sine verksemder i Høyheimsvik.

Jostedalen breførarlag

Starta i 1987. Laget har m.a. eige instruksjonslokale.

Tang Hyttegrend

på garden Tang på Hafslo vart starta i 1991.

Hafslo Hytteutleige

vart starta i 1991.

Breheimsenteret

i Jostedalen vart opna i 1993.

Fjordstova i Skjolden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordstova i Skjolden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordstova AS

i Skjolden vart bygd i 1994. Den inneheld turistinformasjon, samfunnshusfunksjonar, badeland, klatrevegg, husflidutsal, biliotekfilial og kafé.

Sogn Skisenter BA

på Heggmyrane vart skipa i 1997. Les meir i artikkelen Idrettsanlegga på Heggmyrane.

BesteBakken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

BesteBakken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

BesteBakken

er ein gjestegard som vart starta på Hafslo i 2001 av Lindis og Oddgeir Alme. BesteBakken satsar på servering av gourmetmat basert på lokale råvarer, har ulike opplevingstilbod og overnattingskapasitet for 33 gjester. I 2011 fekk BesteBakken den fylkeskommunale Bygdeutviklingsprisen.

Lustrafjorden Kro. Foto: Arild Nybø, NRK.

Lustrafjorden Kro. Foto: Arild Nybø, NRK.

Lustrafjorden Kro

- sjå: Næss sine verksemder i Høyheimsvik.

Solvornbui AS

- daglegvarebutikk og kafé vart starta av bygdefolket i Solvorn i 2000. Men Solvornbui makta ikkje å drive lønsamt, og vart lagt ned i 2003.

Nes Gard. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nes Gard. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nes Gard

vart starta som overnattings- og serveringsstad etter at ekteparet Mari og Asbjørn Månum tok over garden i 2003. Dei har restaurert og tilbakeført interiøret til 1800-talsstil i det gamle hovudhuset på garden.

Cruiseskipet Prinsendam ved kai i Skjolden. Foto: Iren Vatne.

Cruiseskipet Prinsendam ved kai i Skjolden. Foto: Iren Vatne.

Skjolden Brygge

vart skipa i 2005, og er eit selskap som har bygt eit stort hytteanlegg på 50 einingar og 200 senger i Skjolden. I tillegg er det bygt ei cruisekai som kan ta imot store turistskip.

Skjolden Resort

sjå Handel og gjestgiveri i Skjolden og Skjolden Brygge.

Eplet Hostel. Foto: Eplet Hostel.

Eplet Hostel. Foto: Eplet Hostel.

Eplet Hostel

i Solvorn vart starta av Trond Henrik Eplet i 2006. Pensjonatet har 22 senger.

Gaupne Hotell

vart starta i 2008 av Jorunn Kristin Solstad. Hotellet held til i Gaupne sentrum og er eit fullservice hotell som er ope heile året. I tillegg til å ta imot turistar er hotellet ein møtestad for folk i Gaupne med møtelokale og selskapslokale. I 2013 vart hotellet selt til Hans Olav Sandvik, som og driv Sandvik Camping. Hotellet fekk då namnet Gaupnetunet.

Gaupnetunet

sjå Gaupne Hotell.

Lustraporten AS

vart skipa av Tomas Skjerven, Remi Lunde Solbakken og Iselin Solbakken i 2013. Lustraporten er ei kro med plass til 35 personar i andre etasje i bensinstasjonen som dei to sistnemnde driv på Galden.

I Luster har reiselivsnæringa vore ein vesentleg del av næringsgrunnlaget sidan slutten av 1800-talet, og på Walaker Hotell i Solvorn osar det av gamal reiselivstradisjon. Foto: Walaker Hotell.

I Luster har reiselivsnæringa vore ein vesentleg del av næringsgrunnlaget sidan slutten av 1800-talet, og på Walaker Hotell i Solvorn osar det av gamal reiselivstradisjon. Foto: Walaker Hotell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.09.2013