Hopp til innhold
X
Innhald

Roger Allan Ivin

Roger Allan Ivin. Pressefoto.

Roger Allan Ivin. Pressefoto.

Roger Allan Ivin fødd 1975, oppvaksen i Balestrand, Hafslo og Sogndal, busett i Oslo. Musikar og medlem av gruppa "Fabel" - sjå denne - Eid kommune.

Ivin gjekk på musikklina på Firda vidaregåande skule på Sandane, og vart der medlem av gruppa som seinare vart til Fabel. Etter nokre år i Bergen flytta han tilbake til Sogn og busette seg i Sogndal. Der var han m.a. dagleg leiar i nærradiokanalen P-vest og marknadsansvarleg i Sogndal kulturhus. Samstundes heldt han fram med musikken og gav ut ein solo-EP.

I 2010 fekk han ei rolle i musicalen ”Buddy Holly” i Oslo, og han vart bassist i gruppa Trang Fødsel. Saman med familien flytta han til Oslo i 2011.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.11.2011