Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Hegbom

Rolf Hegbom (1925-1994) frå Kristiansund, busett i Solvorn. Fylkeslege. Cand. med. frå Universitetet i Bergen 1950. DMSA Edinburgh 1962. Konstituert distriktslege i Gjemnes 1951-1953. Kurs i offentleg helsearbeid for legar 5 mnd. 1955.

Tilsett ved Rogaland sjukehus 1956, distriktslegevikar Kvernes 1957, assistentlege i Helsedirektoratet 1958-1959, WHO-stipendiat i Edinburg 1961-1962, leiar av norsk-indisk helseprosjekt i Kerala 1963-1964, Europaråd-stipendiat i Skottland, England og Frankrike 1966.

Distriktslege i Lurøy 1953-1960 og Grong 1960-1966. Bedriftslege i NSB Trondheim i same tidsrom.

Fylkeslege i Sogn og Fjordane

Fylkeslege i Sogn og Fjordane 1966-1994. Rolf Hegbom vart den sterkaste lokale pådrivaren for å få bygt sentralsjukehus i Førde, opna 1979, og han var sjølv leiar i byggjenemnda.

Restaurering

I 1968 kjøpte han og ektemaken Torbjørg (fødd 1926) den gamle sorenskrivargarden frå 1814 i Solvorn. Dei la ned ein stor innsats i full restaurering av den historiske bygningen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.03.2011