Hopp til innhold
X
Innhald

Rune Hauge

Rune Hauge i svevet i Innsbruck i den tysk-austerrikske hoppveka i 1978. Foto: Asbjørn Risbakken.

Rune Hauge i svevet i Innsbruck i den tysk-austerrikske hoppveka i 1978. Foto: Asbjørn Risbakken.

Rune Hauge fødd 1957 på Hafslo, busett i Rælingen. Skihoppar og bedriftseigar. Hauge var tidleg eit stort hopptalent, og vann m.a. juniorklassen i Bjønnarennet før han hadde fylt 10 år. 15 år gamal vart han fylkesmeister i seniorklassen.

Rune Hauge. Foto: Privat.

Rune Hauge. Foto: Privat.

I 1973 flytta han til Oslo og melde seg inn i Lyn. I 1974 vart han nummer tre i junior-NM, året etter nummer to, og i 1977 vart han norsk juniormeister. I senior-NM hadde han si beste plassering i 1978, då han vart nummer seks. I Holmenkollrennet vart han nummer to i juniorklassen i 1975, i 1978 vart han nummer 12 i seniorklassen.

I sesongen 1977/78 deltok han som den første frå Sogn og Fjordane i den tysk/austerrikske hoppveka, der han vart nummer 24 samanlagt, med ein 16. plass i Bischofshofen som beste einskildresultat. Det gjekk 35 år før den neste frå Sogn og Fjordane kopierte den prestasjonen, det var Anders Fannemel frå Hornindal.

I VM i Lahti i 1978 var Rune Hauge på det norske laget som tok bronse i laghopping. I det individuelle rennet vart han nummer 32. Han tok og sølvmedalje i junior-EM i 1976 (etter Toni Innauer) og vann den norske hoppveka i 1979. Hauge var på juniorlandslaget i to år og på seniorlandslaget i fire år. I 1979 deltok han i skiflygning i Vikersundbakken, der han sette personleg rekord på 150 meter.

I 1983 starta Hauge saman med broren Rolf og andre firmaet CBA, som driv med utvikling av tekniske løysingar for bankar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.01.2013