Hopp til innhold
X
Innhald

Sandvik Camping

Pluscamp Sandvik. Foto: Rolf M. Sørensen.

Pluscamp Sandvik. Foto: Rolf M. Sørensen.

Sandvik Camping i Gaupne vart starta i 1964 av Arne H. Sandvik. I 1982 overtok sonen Hans Olav Sandvik drifta av campingplassen som no heiter Pluscamp Sandvik og har 28 hytter og 60 oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner.

I 2013 kjøpte Sandvik Gaupne Hotell og gav det namnet Gaupnetun.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2013