Hopp til innhold
X
Innhald

Skjolden Brygge

For første gong på mange år kjem eit cruiseskip til Skjolden, og det vart feira. Dette skjedde før cruisekaia vart bygd, og dermed måtte skipetankre opp utpå fjorden og passaajerane fraktast i land med mindre båtar. Foto: Arne Eithun, NRK.

Skjolden Brygge vart skipa i 2005 og er eit selskap som har bygd ut eit stort hytteanlegg på kring 40 einingar med 200 senger i Skjolden. Bak prosjektet står den utflytte lustringen Oddvar Røysi som no bur på Hønefoss.

I tillegg til investeringar i bygg på kring 50 millionar kroner vart det bygt ei 130 meter lang kai for cruisefarty til 30 millionar kroner. Både Luster kommune og fylkeskommunen gjekk inn med pengar for å få bygt cruisekaia.

Det første turistskipet klappa til kai 20. mai 2010. I 2012 vart kaia komplettert med ei fleksibel, faldbar kai på 232 meters lengde.

Frå 2012 overtok Oddvar Røysi og Skjolden Hotell (sjå artikkelen Handel og gjestgiveri i Skjolden) og slo dette saman med Skjolden Brygge under fellesnamnet Skjolden Resort, som til saman får 370 sengeplassar.

Hyttene til Skjolden Brygge. Foto: Skjolden Brygge.

Hyttene til Skjolden Brygge. Foto: Skjolden Brygge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.07.2012