Hopp til innhold
X
Innhald

Skjolden Samyrkelag

Skjolden Samyrkelag vart skipa i 1946, og vart medlem av NKL frå starten.

Skjolden Samyrkelag vart skipa i 1946, og vart medlem av NKL frå starten.

Laget hadde planar om å ta over ei forretning med bakeri som Thomas Drægni (sjå: Drægni med landhandel i Skjolden) og seinare Kristen Forthun hadde drive, men etter press utanfrå bad Drægni etter ei tid seg løyst frå leigekontrakta. Det var nemleg sterk motstand mot at det nye samyrkelaget skulle kome som konkurrent til eksisterande butikkar i Skjolden - m.a. Forthuns Handelsforening, som nekta å ta imot ei utstrekt hand om samarbeid med det nye S-laget.

Enden på striden vart at det frå 1952 vart to konkurrerande «samyrkelag» i Skjolden. I 1965 gjekk Skjolden Samyrkelag inn i det nyskipa Sogn Samvirkelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2011