Hopp til innhold
X
Innhald

Skjolden som by i 1840?

Skjolden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skjolden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Etter skriveri i Oslo-avisa «Morgenbladet» og oppmoding frå Lærdal kommunestyre i 1839 om at Lærdalsøyri måtte få bystatus, sette Stortinget ned ein komité som fekk i oppdrag å finne ein høveleg stad for ein by i indre Sogn.

I Stortinget var det sogndølen Mons Eggum som gjorde opptaket til kommisjonen, som m.a. fekk med seinare amtmann Michael Conrad Sophus Emil Aubert som medlem. Kommisjonen vurderte byplassering i Skjolden, Kaupanger og Årdalstangen også, men gjekk i 1840 samrøystes inn for Lærdalsøyri.

I 1842 gjekk regjeringa inn for at Lærdalsøyri skulle bli by samstundes med Haugesund og Namsos. Men Stortinget avviste alle framlegga då, og sidan kom ikkje tanken om by i indre Sogn opp att.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2011