Hopp til innhold
X
Innhald

Sofia Drægni

Det tidlegare ungdomsherberget i Skjolden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare ungdomsherberget i Skjolden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sofia Drægni starta ein liten kafé i Skjolden kring 1910. Dottera Gyda Hauge tok over etter 2. verdskrig og bygde nytt kring 1950. Gyda dreiv kaféen til ho døydde i 1953.

Ektemaken Lars Hauge tok over og utvida i 1956 med ungdomsherberge. Dette dreiv han til han døydde i 1982.

Sonen Kåre Hauge saman med ektemaken Bjørg dreiv ungdomsherberget, som i 1989 fekk namnet vandrarheim, fram til 2003.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.01.2010