Hopp til innhold
X
Innhald

Sogneskjell AS

Sogneskjell AS i Gaupne vart starta i 1981 av Arnulf Elle i samarbeid med forskingsleiaren ved distriktshøgskulen sin akvastasjon på Skjer i Sogndal, Peter Hovgaard.

Elle dreiv også selskapet Luster Skjell AS som hadde to blåskjelloppdrett ved Høyheimsvik.

Sogneskjell var det første foredlings- og pakkeanlegget for blåskjel i Sogn og Fjordane og hadde leveransar til fleire land i Skandinavia. Etter problem med ein svensk agent og manglande oppgjer, og problem med eit parti forgifta blåskjell, fekk Sogneskjell økonomiske vanskar og vart slege konkurs i 1987.

Eit firma som på 1990-talet starta blåskjellforedling på Byrknesøy i Gulen, tok også namnet Sogneskjell, men var ikkje eit framhald av firmaet i Gaupne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.12.2009