Hopp til innhold
X
Innhald

Soldatar gjekk seg vill i skodda

Ei historie om nokre soldatar frå Olden som kryssa breen på veg heim frå krigsteneste ved svenskegrensa, skriv seg frå 1815:

Dei skulle ta seg over breen frå Krundalen i Jostedalen, men gjekk seg vill i skodda, og gjekk tome for mat. Først etter åtte dagar greidde dei å ta seg ned til folk i Oldedalen. Ein av soldatane var då så utsliten at dei andre hadde drege han etter seg ned frå breen.

Falne i krigen

Ein av dei som fall i stridane mot svenskane var Ola Olsson Oklevik (1780-1808) frå Lomheim i Hafslo, og sambygdingen Per Person Lomheim (1779-1808) døydde i svensk krigsfangenskap.

Også brørne Erik og Anbjørn Baten frå Mollandsmorki miste livet i denne krigen - Anbjørn i 1809 og Erik i 1810. Det same vart lagnaden til Sjur Andersson Øvrebø frå Solvorn i 1808.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2008