Hopp til innhold
X
Innhald

Solstrand Pensjonat

Solstand Fjordhytter med det opphavelege pensjonatet som senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solstand Fjordhytter med det opphavelege pensjonatet som senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solstrand Pensjonat på Kjempeneset i Luster vart starta i 1951 av Marius Martinussen, son til den kjende tobakkspioneren Ingvald Martinussen - sjå: Tobakksdyrkinga i Luster. Pensjonatet hadde kring 20 rom.

Starta pensjonat - hamna i fengsel

Men Martinussen starta pensjonat utan å ha løyvet formelt i orden. Han vart difor meld til politiet av styremaktene og dømd til bot - subsidiært fengselsstraff. Martinussen meinte at slik straffeforfylgjing var nidkjært anstaltmakeri, og valde i rein demonstrasjon å ta fengselsstraff i staden for bot. Han hadde tydeleg sterk støtte hjå bygdefolket, for då han kom heim att til Luster etter fengselsopphaldet i Vik, bar bygdefolket han på gullstol.

Solstrand Pensjonat vart drive av Martinussen til 1973, då ein slektning tok over og dreiv til 1983. Sidan har det vore fleire eigarskifte til pensjonatet vart lagt ned i 2001.

I 2003 kjøpte Fuhr Bygg AS eigedomen og har under firmanamnet Solstrand Fjordhytter AS bygd ut fleire feriehytter på området.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2011