Hopp til innhold
X
Innhald

Stein Bugge Næss

Stein Bugge Næss fødd 1948 i Høyheimsvik. Forretningsmann og turlagsleiar. Utdanna siviløkonom og arbeidde som lærar til han i 1979 overtok familieverksemda i heimbygda (sjå Næss sine verksemder i Høyheimsvik).

I 1987 bygde han verksemda ut med åtte utleigehytter under namnet Luster Fjordhytter, seinare bygde han kai og fire hytter til. Butikkdrifta la han ned i 2000.

I 1975 vart Bugge Næss vald til leiar i Luster Turlag. Dette vervet har han framleis i 2011. I den perioden han var leiar har turlaget gitt ut tre bøker og restaurert stølen Fivla og fjellgarden Fuglesteg til turisthytter.

For innsatsen sin i turlaget vart Stein Bugge Næss i 2011 tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Bugge Næss har vore styreleiar i Luster Sparebank og Luster Energi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.11.2011