Hopp til innhold
X
Innhald

Storflaumen i Jostedalen i 1979

Elva tok med seg dei fleste bruene. Foto frå tv-reportasje: NRK.

Elva tok med seg dei fleste bruene. Foto frå tv-reportasje: NRK.

Natta til 15. august 1979 gjorde elveflaum og ras store skadar i Jostedalen. Årsaka til flaumen var eit sterkt lokalt regnver som kom samstundes med varm fønvind som førde til sterk snø- og brésmelting. Elva tok til å vekse om lag klokka 15 tysdag 14. august og var på det høgste klokka seks om morgonen den 15. august. Då var vatnet om lag tre meter over bakkenivå.

 I Jostedalen er det opp eit merke som viser kor høgt vatnet gjekk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Jostedalen er det opp eit merke som viser kor høgt vatnet gjekk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skade på rundt 100 hus

Skadane var særleg store på gardane på Fossøy og Myklemyr. Her sto vatnet heilt opp i andre høgda på bustadhusa, og både hus og innbu vart rasert. På Myklemyr var det meste i første etasje øydelagt i 30-40 hus, på Fossøy i mellom 20 og 30 hus. I alt rundt 100 hus fekk større eller mindre skadar. Ein gard på Elvøy vart totalskadd, og mange gardar fekk skylt bort det meste av dyrka jord, i alt var det skade på 150 mål med dyrka mark. Flaumen tok i alt 11 bruer og øydela varelageret til tre butikkar.

Høgt over flaumen i 1898

Ingen menneskeliv gjekk tapt, og ingen kom til skade, men mange som budde utsett til, vart evakuerte. Riksvegen til Jostedalen vart sterkt øydelagd, og dei fleste bruene vart øydelagde. Fleire av sideelevane til Jostedalselvi braut nye far. M.a. braut Sagøyelvi seg tvers gjennom det gamle kommunehuset, der det framleis var bank og bibliotek. På Myklemyr stod flaumvatnet denne gongen to meter høgare enn det hadde gjort under "hundreårsflaumen " i 1898.

Katastrofeområde

Jostedalen vart erklært som katastrofeområde, og det gjekk fjorten dagar før det var ordna med eit provisorisk vegsamband med omverda. I mellomtida gjekk alt samband til Jostedalen med helikopter. På ei synfaring to dagar etter flaumen vart det kalkulert med at det var gjort skade for opp mot 35 millionar kroner.

Fleire kjellarar vart fylte med flaumvatn. Foto frå tv-reportasje: NRK.

Fleire kjellarar vart fylte med flaumvatn. Foto frå tv-reportasje: NRK.

I 1979 fylte elva store deler av Jostedalen. Foto frå tv-reportasje: NRK.

I 1979 fylte elva store deler av Jostedalen. Foto frå tv-reportasje: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2011