Storgarden Eide i Skjolden

Eide. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Garden Eide i Skjolden hadde i si tid den største kornåkeren i Sogn. Frå 1629 til 1648 var garden sete for sorenskrivar Mons Antoniussen (ca. 1590-1648) i indre Sogn. Han var son til borgarmeisteren i Oslo og gift med dottera til rådmannen i Bergen, Karen Johansdotter.
Sonen tok over
Ein av sønene deira heitte Per Monsson (1632-1694), og han tok over garden i 1663. I tillegg kjøpte han mykje jord både i Luster og Lærdal. I tillegg til å drive Eide-garden, dreiv Per Monsson Eide også landhandel og sagbruk. Også sonen Mons samla mykje jord, og auka m.a. hovudgarden på Eide monaleg.
Ut av slekta i 1820
I 1820 gjekk Eide-garden ut av denne slekta, for enkja etter den rike handelsmannen Tøger Hansen (fødd 1771) frå Luster/Lærdalsøyri, Mari Hansen, kjøpte då Eide.

Tøger og Mari var foreldra til den meir kjende Lærdals-kremmaren Jan Henrik Nitter Hansen. Då Mari Hansen Eide døydde i 1847, vart det svigersonen, kaptein Munthe, som overtok Eide, men selde garden like etter til G. E. Rostrup.
Selt til handelsmann
I 1851 vart Eide selt på auksjon til Christoffer Pedersen Hovland frå Sogndal, som same året selde vidare til gudbrandsdølen Steinar Torgerson Sulheim. Denne Sulheim finn vi også som handelsmann og gjestgjevar i Skjolden - sjå: Handel og gjestgiveri i Skjolden. Eide-garden var i Sulheim-ætta fram til 1960.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 30.03.2011