Hopp til innhold
X
Innhald

Stormannssetet på Ornes

Ornes frå fjorden. Gravhaugen til kong Ragnvald ligg nede ved sjøen, til høgre i biletet, rett nedanfor dei to kvite husa. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ornes frå fjorden. Gravhaugen til kong Ragnvald ligg nede ved sjøen, til høgre i biletet, rett nedanfor dei to kvite husa. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjærleikssoga om dottera på Ornes og Vetti-kongen

- den tragiske soga frå vikingtida om kongsson Hagbart i Vetti som beila til kongsdotter Signy på Ornes. To gravhaugar frå denne tida er seinare opna.

Mellomalderhovdingar på Ornes

Ornes er kjend som eit stormannssete i mellomalderen.

Ragnvaldhaugen og Hagbarthaugen

På Ornes ligg der to gravhaugar. Den største heiter Ragnvaldhaugen og skal vere for kong Ragnvald. Den andre er Hagbarthaugen for beilaren Hagbart frå Vetti. I 1840 vart Hagbarthaugen opna. Her fann ein fleire gravrom - det eldste frå bronsealderen. Eitt av gravromma var dekt med ei dekorert helle, og under den fann ein m.a. ein dunge kirsebærsteinar som var friske og uskadde. I Ragnvaldhaugen har ein funne eit bryne som er datert til 600-1000 e. Kr. Det var og merke etter ein båt i haugen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011