Hopp til innhold
X
Innhald

Største fastlandsbreen i Europa

Vandring på Austerdalsbréen med Odins Bré og Tors bré i bakgrunnen. Foto: Ingeborg Flaten.

Vandring på Austerdalsbréen med Odins Bré og Tors bré i bakgrunnen. Foto: Ingeborg Flaten.

Jostedalsbreen er den største fastlandsbreen i Europa, og dekkjer eit areal på 487 kvadratkilometer frå Strynefjellet i nord og til Fjærland i Sogn i sør - ei strekning på kring 80 kilometer.
Isen på Jostedalsbreen er 600 meter på det djupaste. Det høgste punktet på breen er Høgste Breakulen på 1957 meter mellom Krundalen og Olden.

Stardalen i Jølster er eitt av bygdesamfunna som har nærkontakt med Jostedalsbreen. Vi ser fjelltoppen Storenyken midt i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stardalen i Jølster er eitt av bygdesamfunna som har nærkontakt med Jostedalsbreen. Vi ser fjelltoppen Storenyken midt i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

5.000 år gamal is

Isen i Jostedalsbreen er kring 5.000 år gamal. Jostedalsbreen var heilt borte i omlag 3.000 år i tida mellom Den eldste istida (slutt for ca. 10.000 år sidan) og Den yngre istida, som starta for omlag 5.000 år sidan. Omgjort til vatn ville isen i breen fylle 300.000 millionar badekar med vatn - eller vere nok til å dekkje vassforbruket i Noreg i 100 år!

Supphellebreen i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Supphellebreen i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudside: Jostedalsbreen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.03.2011