Hopp til innhold
X
Innhald

Strid om dei psykiatriske tenestene

På 1980-talet vart det konfliktar mellom grannekommunane Sogndal og Luster om lokalisering av dei psykiatriske behandlingstilboda i indre Sogn.

Det gamle Lyster Sanatorium på Harastølen i Luster hadde frå 1959 tent som psykiatrisk sjukeheim. Det vart opprør i Luster då det i ein psykiatriplan for fylket vart lagt opp til av Harastølen skulle leggjast ned og dei psykiatriske tenestene i regionen samlokaliserast i eit stort senter i Sogndal. Dette var ei rasering av eit fagmiljø hevda Luster, og kommunen ville miste mange viktige arbeidsplassar ved ei flytting.

Fylket heldt likevel fast på hovudplanen om å samle alt i Sogndal, men som ei mellombels ordning vart det starta ein døgninstitusjon i Gaupne. Då Harastølen vart lagt ned som psykiatrisk sjukeheim i 1991, vart dei 20 attverande pasientane overførde til institusjonen i Gaupne.

I Sogndal vart det starta ein vaksenpsykiatrisk poliklinikk i 1984 i leigde lokale i sentrum. I 2004 vert eit nytt som psykiatrisenter; Helse Førde - Indre Sogn Psykiatrisenter, opna på Rutlin ikkje så langt frå Sogndal sentrum. Samstundes vert den mellombelse avdelinga i Gaupne lagt ned.

Indre Sogn Psykiatrisenter på Rutlin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Indre Sogn Psykiatrisenter på Rutlin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2011