Hopp til innhold
X
Innhald

Svartedauden la bygdene aude i Luster

Mollandsmarki er ei av bygdene som Svartedauden skal ha lagt aude. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mollandsmarki er ei av bygdene som Svartedauden skal ha lagt aude. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Svartedauden var ein bylle- eller lunge-pest som herja i Asia og Europa på 1300-talet. Etter blodstyrtingar og sterke smerter døydde dei smitta etter 3-5 dagar.

To av tre døydde

Pesten kom til Vestlandet i 1349 med eit skip som gjekk inn til Bergen, og på få år utrydda den kring to tredeler av det norske folket. Fleire bygder vart lagt øyde, og frå denne tida stammar dei fleste «øydegardsnamn».

Aude bygder

Aude bygder

Til Lustra-bygdene kom pesten hausten 1349, og her som elles reknar ein med at kring to tredeler av folket døydde ut. Bygdene Fortunsdalen, Mørkridsdalen, Dalsdalen, Engjadalen, Vigdalen, Jostedalen, Leirdalen, Mollandsmorki og Veitastrond låg aude så seint som i 1522 som fylgje av pesten eit par hundreår tidlegare.

Segna om Jostedalsrypa

Segna kring Jostedalsrypa handlar om ei jente frå ei rik ætt i Sogn. Familien rømde opp i den avsides Jostedalen for å sleppe unna den fæle pesten som vart kalla Svartedauden. Men pesten nådde likevel opp i dalen, der den drap alt folk - med unntak av Jostedalsrypa.

Kongen overtok

Aude og eigarlause bygder vart overtekne av Kongen, og fram til 1600-talet var såleis heile Jostedalen og Mollandsmorki eigd av Kongen.

Meir pest fylgde

Også i pestar som herja landet i 1566, 1600 og 1618 strauk det med mykje folk i Luster. Etter pesten i 1566 kan ein sjå at talet på registrerte bønder berre i Hafslo var redusert frå 53 til 36.

Svartedauden tok alt liv på Veitastrond. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svartedauden tok alt liv på Veitastrond. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011