Hopp til innhold
X
Innhald

Svenske spionar i Fortun?

Til Kalmar-krigen mellom Danmark-Noreg og Sverige som starta i 1611, vart i alt 300 soldatar mobiliserte i Sogn og sende austover. Kontingenten frå Luster var på i alt 27 mann.

Som vanleg i krigstider, vart folk også då særleg vaktsame på framande personar: Sommaren 1611 kom to mystiske menn til Fortun. Bygdefolket tok seg av dei og skulle føre dei med sterkt vakthald over Sognefjellet.

Men oppe på fjellet greidde dei to å stikke av, men vart funne att. Under arrestasjonen vart det losna skot slik at den eine framandkaren fekk øydelagt den eine armen. Dei to framande vart tekne med som fangar ned att til Fortun, men der ramla den eine på elva og drukna.

Futen mistenkte to av vaktmennene for å ha kasta framandkaren i elva med vilje, men let vere å reise sak.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2011