Hopp til innhold
X
Innhald

Teglverk på Hafslo

Kring 1800 vart det starta eit lite teglverk i nokre leirførekomstar som ligg på Bjørkhaug nedanfor Furehaug.

Det skulle ha vore Torgeir Nes frå Luster som eigde verket, og Mari Håkonsdotter, enkje etter Paul Sviggo, dreiv det. Ved teglverket vart det laga både murstein og takpanner. Takpannene var av god kvalitet, og framleis skal det finnast takpanner frå det lokale teglverket på hus i Hafslo-bygdene.

Leire- og grustaket ved Furehaug vart kjøpt av kommunen i 1950 og brukt til grusing av kommunale vegar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.03.2011