Hopp til innhold
X
Innhald

Telegraf og telefon i Luster

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Marifjøra, Lambhaug, Hafslo og Solvorn

fekk rikstelefon i 1899. Automatisert 1974 og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Gaupne

fekk rikstelefon i 1899. Automatisert i 1987 og knytt til fjernvalnettet same år.

Høyheimsvik

fekk rikstelefon i 1899. Automatisert i 1966 og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Luster og Skjolden

fekk rikstelefon i 1899. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Fortun, Svensøy og Turtagrø

fekk rikstelefon i 1911. Turtagrø var open berre i turisttida. Fortun fekk automattelefon i 1965 i samband med Fortun-utbygginga. Heile området i Fortundalen vart automatisert i 1973 og knytt til fjernvalnettet i 1982.

Alsmo

fekk rikstelefon i 1913.

Sørheim, Kroken, Ornes og Kinsedal

fekk rikstelefon i 1914. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Sperle

fekk rikstelefon i 1914. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Feigum

fekk rikstelefon i 1918.

Jostedal og Gjerde

fekk rikstelefon i 1918. Alt i 1899 var det konkrete planar om å byggje telefonsanband til Jostedalen, men dette vart utsett. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Kvam, Holen Ugulsvik, Brengsnes og Veitastrond

fekk rikstelefon i 1923. Automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.05.2008