Hopp til innhold
X
Innhald

Thomas Fearnley

Thomas Fearnley (1802-1842) frå Fredrikstad møtte I. C. Dahl for første gong i Kroken i 1826 og vart seinare eleven hans. Fearnley vitja også andre Sogne-bygder, og måla m.a. motiv frå Balestrand og Jostedalen. Eit av Fearnleys mest kjende bilete er av Slindebjørka. Dette måleriet heng i Nasjonalgalleriet. Også I. C. Dahl måla denne mektige bjørka som stod på ein gamal gravhaug.

Eit anna kjent Flintoe-bilete med motiv av fjellet Myrhorn (Myrhønna) i Jostedalen er ein del av utsmykkinga i det kjende «Fugleværelset» som Flintoe dekorerte på Slottet i Oslo.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011