Hopp til innhold
X
Innhald

Tor Bremer

Tor Bremer fødd 1955, frå Hafslo. Gardbrukar og Arbeidarparti-politikar. Var kommunestyremedlem i åtte år, vald på bygdeliste for Hafslo 1988-1991 og for Arbeidarpartiet 1992-1995.

Bremer har sidan 1995 vore medlem av fylkestinget, der han har vore gruppeleiar og fylkesvaraordførar frå 2003. Leiar av Sogn og Fjordane Arbeidarparti 2000-2007. Stortingsrepresentant frå 2009 til 2013.

Bremer er også medlem av Vestlandsrådet. Har sidan 2004 vore visepresident i Euromontana, ein europeisk organisasjon som arbeider med utviklingstiltak i fjellregionar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021