Hopp til innhold
X
Innhald

Trond Anderson Opheim

Trond Anderson Opheim starta landhandel i Marifjøra i 1897.

Der bygde han huset som seinare vart kalla «Bakarbui» fordi han også dreiv bakeri fram til 1916 då Johannes Joranger overtok. Joranger dreiv også drosjekøyring nokre år på 1920-talet. Sonen Per Joranger tok over som bakar då faren døydde i 1948, medan systera Anna Joranger heldt fram med landhandelen. Ho gifta seg i 1952 med Wilhelm Oma, og saman dreiv dei handelen til 1992. Per Joranger - Bakar-Per - deiv bakeriet til 1981.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.03.2009