Hopp til innhold
X
Innhald

Trond Tollefson Benkestok

Trond Tollefson Benkestok (1497-1558), busett på Jordanger. Norsk adelsmann og lensherre.

Våpenet til Benkestok-ætta.

Våpenet til Benkestok-ætta.

Trond Benkestok (d. 1558), busett på Jordanger. Norsk adelsmann og lensherre. Høyrde til aldelsætta Benkestok som eigde store jordeigedomar i Noreg i seinmellomalderen - m.a. Jordanger i Hafslo. I 1523 finn ein Trond Benkestok som lensherre i Sogn, der han får hand om fem skipreider. Truleg busette han seg på Jordanger før han seinare flytta til Meløy i Nordland.

Saman med riksråd Johan Kruckow på Sørheim-godset allierte han seg med erkebispen Olav Engelbrektson i Nidaros i kampen for å bevare katolisismen i Noreg på 1520-talet.

Flytte til Nordland

Ved eit forlik mellom danskekongen i 1528 og den maktsjuke statthaldaren Vincens Lunge, tapte Trond Benkestok retten til å vere lensherre for Sogn og flytta til Meløy i Nordland. Det var gjennom giftarmålet med Anna Johnsdotter Haar (1519–1569) frå adelsætta Gyldenløwe at han fekk hand om eigedomane i Nordland. På same vis som slektningen Johan Kruckow på Sørheim, tok Trond Benkestok i 1532 parti for Fredrik I i striden om den norske kongekruna. Då Fredrik gjekk sigrande ut av striden, vart Trond tildelt den lågadelege tittel «væpnar».

Høgadelsmann

I 1541 fekk Trond Benkestok inntektene til Meløy kapell, og same året også frå Sunnfjord len. I 1547 vart han tildelt Sunnmøre len og store Stigtens gods, og var på denne tida avansert til riddar - d.v.s høgadelsmann. I 1555 er han nemnd som fut på Bergenhus og samstundes befalingsmann på Bergenhus festning.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.07.2018