Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukkesvinteren 1868 i Luster

Bergset i Krundalen, der ein gut omkom i 1868. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bergset i Krundalen, der ein gut omkom i 1868. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

1868 var den verste ulukkesvinteren på Vestlandet. I alt 150 menneske miste livet i snø- og steinskred.
På garden Bringe i Luster gjekk det ei segn om at eit snøskred ein gong ville ta med seg det gamle klyngetunet. Difor flytta Hans Arneson Urdahl i 1800 husa sine til Bringebøen. Men i 1868 var det nett hans tun storskredet råka: Fire menneske - to kvinner, ein mann og ei jente omkom.

Også på garden Nygård i Kinsedal miste fire personar livet denne vinteren då skreda tok tunet. Alle husdyra strauk med.

På husmannsplassen Endreheimen ved garden Li i Jostedalen miste to barn livet. På sjølve garden tok skreda med seg uthusa og alle husdyra. Stovehuset vart flytta ein meter ut av murane.

På Bergset omkom ein gut i snøras.

Også i Nordfjord og Sunnfjord var det store skredkatastrofar denne vinteren: På garden Tenden i Stryn strauk det med 24 menneske, i Stryn elles 11 menneske, og på Heggheim i Jølster omkom 14 menneske.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.04.2011