Hopp til innhold
X
Innhald

Utbygging og vern i Jostedalen

Kraftstasjonen til Jostedal Kraftverk på Myklemyr. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kraftstasjonen til Jostedal Kraftverk på Myklemyr. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Statkraft starta utbygginga av Jostedalsvassdraget i 1984. Då krafta frå vassdraget kom på nettet i 1990, hadde anlegget kosta 2,3 milliardar kroner. På det meste arbeidde det kring 1000 personar på Jostedalsanlegga.

Mange underleverandørar skipa eigne avdelingskontor i Gaupne i anleggsperioden, m.a. Mørefly som i fleire år dreiv helikopterbase i Gaupne. Den samla kraftproduksjonen frå Jostedals-verka er på 877 GWh (i 2003).

Frå bygginga av demninga i Styggevatnet på 1980-talet. Foto: Statkraft.

Frå bygginga av demninga i Styggevatnet på 1980-talet. Foto: Statkraft.

Største fallhøgda i landet

Frå øvste magasinet til kraftstasjonen er fallhøgda 1186 meter - den største fallhøgda for noko norsk kraftverk. Det øvste magasinet er Kupevatnet på 1263 m.o.h. Dette er eit såkalla senkemagasin der reguleringshøgda er 73 meter.

Det største magasinet ligg bak den 55 meter høge Styggevassdammen. Det rommar 250 millionar kubikkmeter, og reguleringshøgda på Styggevatn er totalt 90 meter.

Desse magasina er så store at det tek halvtanna år med normal nedbør å fylle dei.

Styggevatnet har ei reguleringshøgd på 90 meter. Foto: Elin Haugen.

Styggevatnet har ei reguleringshøgd på 90 meter. Foto: Elin Haugen.

Enorme vassmagasin

Det vart skote kring 70 kilometer tunnelar og bygt omlag 60 kilometer vegar i samband med Jostedals-anlegget. Utbygginga førte til at hovudelva gjennom Jostedalen fekk redusert vassføringa med omlag ein tredjedel. Kraftstasjonen ligg i fjellet eit stykke ovanfor Gaupne.

Etter at vatnet frå både Leirdøla og kraftverka i Jostedalen har gjort nytte for seg i turbinane, vert vatnet leidd i ein samletunnel og sleppt ut i fjorden på 40 meters djup like nord for Grandane i Gaupne. Den enorme vassmengda viser att som ein sydande vasskvervel på overflata.

Vatnet frå Leirdøla kraftverk blir sleppt ut i fjorden utanfor Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vatnet frå Leirdøla kraftverk blir sleppt ut i fjorden utanfor Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Breheimen-krafta vart verna

Men då det i 1984 vart søkt om regulering av Breheimen og Strynevassdraget, vart saka utsett, og det enda med vern av vassdraget i 1993. Aksjons-gruppa «Berg Breheimen» med folk i Oppstryn i spissen, gjorde mykje for vern av vassdraget. Også Mørkridvassdraget i Luster vart varig verna i 1993.

Stølen Fast ved Åsetvatnet. Mørkridsdalen vart spart for kraftutbygging.

Stølen Fast ved Åsetvatnet. Mørkridsdalen vart spart for kraftutbygging.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011