Hopp til innhold
X
Innhald

Utvandringa frå Luster til Amerika

Eit reisefylgje ventar på båten som skal frakte dei på første etappen på vegen frå Skjolden mot eit nytt liv i Amerika. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen UiB.

Eit reisefylgje ventar på båten som skal frakte dei på første etappen på vegen frå Skjolden mot eit nytt liv i Amerika. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen UiB.

Luster vart ein av dei store utvandrarkommunane i Sogn frå 1845 til hundreårsskiftet. I alt reiste 6.500 personar frå Luster-bygdene i åra mellom 1845 og 1900.
Den sterkaste utvandringa var frå Luster prestegjeld, som åleine hadde 3.500 utvandrarar i denne perioden.

Bygdebokskrivaren Lars E. Øyane har rekna ut at 55 prosent av alle borna som var fødde mellom 1851 og 1860 i Luster, utvandra til Amerika. Dei første utvandrarane var Hågen Torsteinsosn Nes, som reiste med familien i 1845.

Folketalet minka

I Luster som elles i Sogn, førte den sterke utvandringa frå 1840-talet og fram på 1860-talet til ein sterk nedgang i folketalet.

Philip Hauge Abelson.

Philip Hauge Abelson.

Kyrkjer med lustranamn

Dei største utvandrargruppene slo seg først ned i Minnesota og Wisconsin, seinare drog dei lengre vest til Dakota-prærien. I Buffalo County i staten Wisconsin vart «Lyster Lutheran Church» bygt i 1867. I 1887 vart «Hafslo Lutheran Church» bygt i Minnesota.

Atomfysikar ættar frå Skjolden

Philip Hauge Abelson (1913-2004) var ein av dei første atomfysikarane i USA. Mor hans, Ellen Hauge, utvandra frå Skjolden. Hauge Abelson var mellom anna med og utvikla den første atombomba, og etter andre verdskrigen var han sjef for Naval Research Laboratory, som m.a. var med på å utvikle den første amerikanske atomdrivne ubåten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2012