Hopp til innhold
X
Innhald

Veg Marifjøra-Gaupne

Brua som vart bygd over Jostedalselva i Gaupne i 1907. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brua som vart bygd over Jostedalselva i Gaupne i 1907. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen Marifjøra-Røneid framom det bratte Røneidsberget vart opna i 1880, og dermed fekk også Jostedalen skikkeleg vegsamband til utskipingshamna og handelsstaden Marifjøra.

Bru over Jostedalselva mellom Røneid og Gaupne vart bygt på 1890-talet, samstundes som det vart bygt samanhengande veg Røneid- Sandvika. Brua vart sterkt øydelagt av isgang vinteren 1905. Ei ny bru med sterke steinkar og jernkonstruksjonar sto klar i 1907.

Denne strekninga fekk i 1965 ny bru over Jostedalselva i 1965, og vart elles utbetra og lagt om på 1970-talet med den 654 meter lange Røneidtunnelen.

Røneidsberget er rasfarleg, og dette biletet viser at Røneidstunnelen vart bygt i kortaste laget. Foto: Steinar Lote, NRK.

Røneidsberget er rasfarleg, og dette biletet viser at Røneidstunnelen vart bygt i kortaste laget. Foto: Steinar Lote, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.03.2011