Hopp til innhold
X
Innhald

Veiding og rovdyrjakt i Luster

Eit mannsterkt jaktlag på Ornes har fått has på ein velvaksen bamse i 1910. Ukjend fotograf. Eigar: DHS Sogn Folkemuséum.

Eit mannsterkt jaktlag på Ornes har fått has på ein velvaksen bamse i 1910. Ukjend fotograf. Eigar: DHS Sogn Folkemuséum.

I Luster-fjella er det fleire stader funne merke etter veiding og fangst heilt frå vikingtida. Den eldste fangstgropa som er funnen i Geisdalen, skriv seg frå tida frå 940 til 1080 e. Kr.

Rovdyrplaga var stor: I 1733 vart det innført skotpremie på dei store rovdyra, og mellom 1733 og 1752 vart det t.d. skote 94 bjørnar i Luster.

I Veitastrond var det nærmast ein bygdetradisjon å vere bjørneskyttar, og veitastrendingar vart tilkalla til andre bygder for å få has på skade-bjørn. Også Hermund Ivarsson Sterri (1707-1784) frå Hafslo var ein vide kjend bjørneskyttar på 1700-talet. Det same var også Torkild Andersson Mørkri, som på eitt år i 1750 skaut tre bjørnar.

Også Anders Fjøsne i Luster var ein kjend jeger på 1700-talet. Han skaut m.a. to bjørnar og fanga tre gauper på eitt år.

Også Anders Fjøsne i Luster var ein kjend jeger på 1700-talet. Han skaut m.a. to bjørnar og fanga tre gauper på eitt år.

På 1700-talet var det mykje ulv i Luster-fjella. Ulven gjorde særleg mykje skade i Jostedalen i 1742. Mellom 1733 og 1743 vart det skote 12 ulvar i Luster - den siste av Melchior Schelderup frå Røneid.

I 1863 skaut Nils Hermundson Hilleren ein bjørn i Veistastrond. I 1910 var ein nærsøken slagbjørn jaga bort av ei budeie på Ornes-stølen. Det vart sett i gang jakt på bjørnen, som vart skoten av Nils Volden.

Slagbjørnen i Leirdalen

Siste bjørnen i Luster vart skoten i Leirdalen i 1956 av Sverre Leirdal. Det var eit jaktlag på 11 menn frå Leirdalen og Jostedalen som spora bamsen som hadde gjort stor skade på bufe både i Leirdalen og Veitastrond. Berre i Leirdalen hadde den teke livet av kring 50 sauer.

Jaktlaget kunne kassere inn fleire tusen kroner i skotpremie på slagbjørnen som i dagane etter vart køyrt rundt i sognebygdene og vist fram for publikum. Bjørnen vart utstoppa og stilt ut i kraftstasjonen i Fortun.

Sau drepen av bjørn i Jostedalen i 2006.

Sau drepen av bjørn i Jostedalen i 2006.

Bjørnen på ferde på nytt

Sommaren 2006 vart det gjort fleire bjørneobservasjonar i indre Sunnfjord, Fjærland og kring Jostedalen. Frå Gaular, Fjærland og Jostedalen kom ein over 12 tilfelle der bjørnen hadde rive sau. I Jostedalen vart det gjeve løyve til å felle skadebjørnen, men jakta gav ikkje resultat, sjølv om det var nytta helikopter og varmesøkjande kamera etter at det vart løyst skot mot dyret i Krundalen. Også i 2011 var det spor etter bjørn i Jostedalen. Bjørnen hadde teke livet av ein hjort etter at han kom ut av hiet i mars.

Bjørnehi i Jostedalen. Foto: Einar Fortun.

Bjørnehi i Jostedalen. Foto: Einar Fortun.

Bjørnelabb frå Veitastrond utstilt på Sogn Folkemuseum. Foto: Heidi Fagna, NRK.

Bjørnelabb frå Veitastrond utstilt på Sogn Folkemuseum. Foto: Heidi Fagna, NRK.

Ferske ulveobservasjonar

Ferske ulveobservasjonar

I 2001 gjorde ein streifande hannulv mykje skade i saueflokkane i Luster før den trekte vidare til Leikanger-fjella. Her vart det organisert jakt på ulven, men den streifa vidare austover og vart borte. Sjå: Moderne ulvejakt i Leikanger-fjella.

Dagfinn Berg, busett på Indre Hafslo, skaut i 1950 den vidgjetne «Naustdalsulven» - sjå: Den utrulege Naustdals-ulven.

Kjempehjortane frå Luster

Nokre av dei største hjortane som er skotne i Noreg, er felte i Luster. Den største hjorten som ein kjenner til er felt i Noreg, vart skoten i Mørkridsdalen i 1989 av Anders Johnsen frå Skjolden. Kronhjorten hadde ei slaktevekt på 202,5 kilo. I september 1996 skaut Hans Bringe ein kronhjort i Dalsdalen som vog 194,5 kilo.

Sauene til Steinar Mørkrid er på veg heim frå fjellbeitet. Jerven har teke mange sauer i Luster, og det har vore fellingsløyve for jerv. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Sauene til Steinar Mørkrid er på veg heim frå fjellbeitet. Jerven har teke mange sauer i Luster, og det har vore fellingsløyve for jerv. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Laksefisket i Luster

Sjølv om både Mørkridselvi og Fortunselvi er gode lakseelvar, har dei ikkje hatt det eksklusive «lordefisket» andre lakseelvar, som t. d. Lærdalselvi og Årøyelva har hatt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011