Hopp til innhold
X
Innhald

Yngvar Andersen

Yngvar Andersen. Foto: Tuva Jorfald, NRK.

Yngvar Andersen. Foto: Tuva Jorfald, NRK.

Yngvar Andersen fødd 1974 i Fortun, busett i Oslo. Friidrettsutøvar og trenar. Utdanna ved Norges idrettshøgskole.

Han vart norsk juniormeister i kule, diskos og spyd. Satsa som vaksen på ein karriere som personleg trenar, og starta i 2005 eige treningssenter i Oslo med namnet Mykjemeir.

TV-trenar

Frå 2006 har han vore ein markant profil i NRK-programmet Puls, der han har gitt treningsråd til tv-sjåarane.

Prisar for sognedialekten

I 2008 fekk han målprisen til Luster Mållag fordi han brukar nynorsk i marknadsføringa av firmaet sitt og for bruken av dialekt i media. I 2011 fekk han målprisen til Sogn og Fjordane Mållag og same året målprisen til Noregs Mållag.

Andersen gav i 2011 ut boka ”Kom i form med Yngvar”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.04.2011