Hopp til innhold
X
Innhald

Bladet Folkeskulen

Bladet Folkeskulen vart gjeve ut i  Naustdal frå 1919 til kring 1926.

Bladet Folkeskulen vart gjeve ut i Naustdal frå 1919 til kring 1926.

Redaktør var lærar Arne Eliasson Sølvberg, som fekk med seg andre lærarar til å gje ut det riksdekkande bladet som vekeavis. Ein av desse var lærar Kristian Eimhjellen.

Også Kristian Erstad skreiv mykje i bladet, som redaksjonelt var prega av fråhaldssak og målsak. Bladet innheldt også mykje undervisningsfagleg stoff, annonsar for ledige stillingar og liste over kven som var tilsett i lærarpostar kringom.

Etter store underskot vart bladet lagt ned i 1926.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.12.2010