Hopp til innhold
X
Innhald

Den første skuleordninga i Naustdal

Elevar og lærarar  ved Naustdal skule i 1898. Ukjend fotograf. Eigar: Olborg Haugland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar og lærarar ved Naustdal skule i 1898. Ukjend fotograf. Eigar: Olborg Haugland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det var prestane i Noreg som fekk ansvar for den første norske skuleordninga. Den viktigaste grunnen til at ålmenskulen kom i gang midt på 1700-talet var trongen for at konfirmantane lærte seg å lese dei religiøse skriftene på eiga hand.

For å få organisert undervisninga lokalt, kalla sokneprestane saman til såkalla ”fundas”. Det var eit møte mellom framstånde menn i prestegjeldet. Prestane leia skulefundasen der reglane for undervisning, krinsinndeling og finansiering vart fastsette. Ofte møtte kravet om pengeinnkrevjing til den første skulen sterke protestar, for det var lite reie pengar mellom vanlege folk på den tida.

Fire skuledistrikt

Dei første reglane for skule i Førde prestegjeld, som då omfatta noverande Naustdal og Førde kommunar, vart sette opp på fundasen i 1743. Prestegjeldet fekk fire skuledistrikt, og med i alt sju lokalkrinsar for omgangsskule. Omgangsskulelærarane hadde undervisning i om lag ein månad i kvar gardskrins.

Då den nye skulelova kom i 1860 vart Naustdal sokn delt i 16 krinsar og Vevring sokn i ni krinsar. Men det skulle gå uvanleg lang tid før alle skulekrinsane i Naustdal hadde fått eigne skulehus. Helle fekk såleis ikkje eige skulebygg før i 1955.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.12.2010