Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskarbrørne Horne

Brørne Markus og Martin Horne på Horne lengst vest i kommunen kjøpte første fiskebåten i 1919, og i 1927 fiskebåten «Nordmann» på 42 fot, som dei dreiv linefiske og fiskehandel med.

I 1933 kjøpte dei «Stanley» på 98 fot. Med denne dreiv dei fraktefart langs heile norskekysten. Ei tid etter krigen vart den brukt som sildesnurpar. «Stanley» vart også leigd av Fylkesbaatane til rutefart på Sogn og Nordfjord, og seld i 1961.

I 1962 fekk reiarlaget fraktebåten «Hornås», som var i bruk til reiarlaget avvikla i 1965.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008