Hopp til innhold
X
Innhald

Gabriel M. Vatne

I huset til høgre for naustrekkja var det landhandel på Helle til 1972. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I huset til høgre for naustrekkja var det landhandel på Helle til 1972. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gabriel M. Vatne starta landhandel på Helle i 1921. Han var i tillegg dampskipsekspeditør og telefonstyrar i bygda. Han starta først i ein kjellar i Gunnartunet før han bygde eige hus i Hellebotnen og flytta butikken dit.

Vatne gjekk konkurs og reiste til Amerika. I 1935 overtok Ottar og Sofia Molnes frå Vigra på Sunnmøre butikken og dreiv den til 1972.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.12.2010